2010 er nasjonalt LESEÅR!

I Stortingsmelding nr 23 (Bibliotekmeldinga) er det sagt at ”2010 vert eit nasjonalt leseår som ein start på ei brei og omfattande satsing for eit nasjonalt leseløft fram mot 2014”. Kulturdepartementet samarbeider med Kunnskapsdepartementet om gjennomføringa av leseåret, og det er løyva 6 millionar kroner til arbeidet.

Ideen til leseåret 2010 kom frå Norsk Bibliotekforeining og Landsorganisasjonen. Kulturdepartementet legg føringane for satsinga, som har vaksne som les lite som hovudmålgruppe. Foreininga !les kjem til å bli ein sentral aktør i dette firårige leseløftet.

LES MER

Legg inn en kommentar