Forfattarar vil ut av Google Books


6.500 forfattarar, forleggarar og litterære agentar har sagt nei til å delta i det gigantiske digitaliseringsprosjektet til Google. Forfattar Zadie Smith er mellom forfattarane som seier nei til avtalen med Google.

Blant dei som har bestemt seg for å takke nei er Zadie Smith, Thomas Pynchon og Jeanette Winterson, Bret Easton Ellis, James Frey, Monica Ali og forvaltarane av bua etter Rudyard Kipling, Nevil Shute og Roald Dahl, skriv The Guardian.

Forfattarar som ikkje vil at bøkene deira skal verte tilgjengelege i digitaliseringsprosjektet var nøydde til å la høyre frå seg til ein domstol i USA før 28. januar i år. No er dommaren i gang med å vurdere avtalen.

NRK: Les mer

Legg inn en kommentar